Ein modulbasert møbelserie for skip er klar til å erobre dei sju verdenshav. Designerane henta inspirasjon frå Willy, verdas mest kjende spekkhoggar.
- Vi tenkjer heilt nytt om innreining og møblar i skip med omsyn til materiale, brukervennlegheit, plassbehov og design. Vi har utvikla produkt som i mykje større grad enn tidligare tek omsyn til mannskapet og deira komfort og sikkerheit, sier Jonny Bjørnset, dagleg leiar i Vestnes Innredning AS i Florø i Sogn og Fjordane.
Florø-bedriften har utvikla og designa ein ny serie møbelinventar for skipslugarar. Willy, vert konseptet kalla, og seks grunnfaktorar har vore viktig i utformingen av designet.
- Det skulle være plassbesparande, brukervennleg, ha låg vekt, vere modulbasert, enkel å installere og laga av brannhemmande stoffer. Desse kriteria resulterte i val av ei rad nye materialer; for eksempel er dørane laga i formpressa skum, trekt med tekstilar – som gjev låg vekt og redusert støy.
Einingane består av få komponentar som kan nyttast om kvarandre i dei forskjellige produkta. Monteringstida er kort, det betyr få arbeidstimar om bord i skipa. Modulane vert levert semiflatpakka, som vi kaller det, og kan utan problem monterast av lokale firma, fortel Bjørnset.
Bedrifta har erfaring med innreiing av skipslugarar sidan 1990, først under namnet Vestnes Produkt AS, frå 1997 som Vestnes Innredning AS. 1500 skipslugarar er innreia på desse 17 åra.
- Vi erfarte etter kvart at møblane vi bruka ikkje var designa for den maritime sektor, det var snarare tradisjonelle heimemøblar som eigentleg ikkje eigna seg for små lugarar. Det var da vi kom på ideen om ein komplett møbelserie tilpassa og designa for livet ombord, seier han.
Støtte frå Innovasjon Norge
Vestnes Innredning fekk økonomisk støtte frå Innovasjon Norge til designprosessen, og valde å samarbeide med Ralston & Bau om det nye møbelkonseptet.
- Vi henta inspirasjon fra spekkhoggaren Willy som levde sine siste år her på Vestlandet. Vi ville skape eit vennleg og behageleg uttrykk, og møblane fekk difor runde og mjuke former – akkurat som Willy hadde. Det sikrar også god plassutnytting, for eksempel blir det betre plass til beina når skuffeseksjonane er runde ned mot dørken.
Også fargemessig henta vi ideer frå Willy; nedre del av møblane er mørke, dei øvste er lyse, seier Birgitta Ralston i designfirmaet Ralston & Bau i Dale i Sunnfjord.
Tidsbesparande
Willy-serien er ein komplett innreiingspakke for skipsinteriør; lugarar, messer, kontor, møterom og bru. I tillegg har Vestnes og Ralston & Bau designa ein interiørkolleksjon med materialer og fargar som er tilpassa møbelkolleksjonen. Sammensetningen av møblar, materialer og fargar er også sett i system slik at det er enkelt og tidsbesparande for kunden – reiaren – å gjere sine val.
Det var under Norshipping 2007 at Willy blei presentert for fyrste gong. Under messa designa Ralston & Bau ein lugar i full skala, og her levde ein skodespelar sjømannslivet i heile messeperioden – eit opptrinn som vekte stor merksemd.
No har Vestnes Innredning tatt Willy ut i sitt rette element. I vinter blir den fyrste serien montert om bord i eit Stolt-Nielsen-skip under bygging i Florø.
– Vi har allereie avtale om å levere seriar til fleire nybygg, og ser fram til å oppleve Willy boltre seg på alle verdenshav, sier Jonny Bjørnset.
Skrevet av: Mediepartner AS